Gratis kurs for rustne førere

Slik lyder meldingen vi har fått inn fra Statens Vegvesen:

Er det lenge sidan motorsykkelen var på vegen? Da treng føraren kanskje å friske opp att både teori og praksis før ein legg ut på tur.

I 2006 var gjennomsnittsalderen på omkomne i motorsykkelulykker på Vestlandet 38 år. Over halvparten av ulykkene der ein einsleg motorsykkel er innblanda skjer ved utforkjøring i sving.

For at sommaren på motorsykkelen skal bli slik den var tenkt arrangerar Statens vegvesen og fire motorsykkelklubbar oppfriskningskurs for rustne motorsykkelførarar.

Kurset har både ein teoretisk del og ein praktisk del, og er heilt gratis.
Slik er tidsplanen:
Tysdag 13. mai er det teorisekvens i Norheimsund
Onsdag 14. mai er det teorisekvens ved Voss trafikkstasjon
Torsdag 15. mai mellom kl 17 og 20 blir det køyring på gocart-banen i Kinsarvik.
Søndag 18. mai mellom 10 og 15 blir det køyring på flyplassen på Voss.

Kurset er eit samarbeid mellom Statens vegvesen og motorsykkelklubbane Voss MC-klubb, NAF MC Voss, Hardanger MC og Vaksdal MC-klubb.

Meir info får du av Olav Seim, Statens vegvesen på Voss. Han kan treffast på mobiltelefon med nummer 482 75 488 eller på e-post olav.seim@vegvesen.no